Sognefjorden i gamle dagar.

Samtale mellom Odd Borlaug og Ann Iren Borlaug, 6.juli 2023.

Sognefjorden Vel ønskjer å ivareta og dele historier om fiske, og om folk sin bruk av Sognefjorden gjennom tidene. Underteikna kontakta slektning og tidlegare sambygding Odd Borlaug for ein prat. Mange har nok lese i media om den spreke 106-åringen som fisker laks i elva Vikja. Men Odd er òg eit godt tidsvitne for korleis folk nytta fjorden frå tidleg i det førre hundreåret.

Odd er født 31.mars 1917. Han voks opp i Feios og hadde sine barne- og ungdomsår på 1920 og -30 talet. Første åra budde han på Rinde, eit område nær fjorden ved kyrkja i Feios. Seinare flytta familien til plassen Trongene, eit kort stykkje opp i dalen. Odd fortel om mykje fiske i oppveksten i Feios.

-Me gjekk i skogen å hogg greiner til å lage troa av. Det kunne enten vere hatl eller raun, men raun var best då den tolte mykje belastning utan å brotne. So var det til å binde på ein taum. Anglar kjøpte me, og som agn nytta me kråkeskjel. Var me heldige hadde jentene kjemt håret sitt, og me kunne bruke hårstrå til å knyte agnet fast. Elles måtte me bruke ull.

Odd skildrar eit samfunn der folk aktivt nytta fjorden til matauk. Han fortel at det som oftast var dei som budde nærmast fjorden som nytta den mest, og at fiske var ein sosial aktivitet.

-Då eg var liten fiska me langs svaberga. Me var ofte fleire i lag, både ungar og vaksne, so det var godt selskap i å gå på fisketur. Det var mykje fisk, og ein kunne planlegge middag frå fjorden- den var som eit kjøleskap å rekne. Eg hugsar me fekk mykje torsk, men òg andre artar slik som pale. Både før og etter krigen var det vanleg å flekke fisk, salte og henge til tørking- både brosme, lange og pale. Då hang fiskane på snor under takutstikk på husa. Det var god mat. Me åt mykje fisk generelt, og mykje sild.

Odd var 23 år då andre verdskrig braut ut. Han vart han utkalla og tok del i kampane i Valdres, og for sin innsats under krigen fekk han nyss Hærens fortenestemedalje. I krigsåra vart det innført rasjonering på mange matvarer. Men Odd fortel at han sjølv ikkje fiska meir enn vanleg i denne tida, då han arbeida både på anlegg og på gard. Frå 1948 til 1953 pakta Odd og kona Ragna ein gard på Håum i Feios. Då kjøpte han seg båt, som han hadde liggande i Osen, like ved dåverande dampskipskai. Tilgang til båt gav moglegheit for eit meir variert fiske.

-Først hadde eg ein liten trebåt, og seinare ein plastbåt. Då både dorga eg, og eg fiska med line. Linefisket tykte eg var interessant, og det var kjekt når ein såg fiskane flaut opp bortetter fjorden mens ein drog inn lina. Eg fekk både brosme og lange på slikt fiske. På dorg fekk eg både torsk, lyr, pale og mort. Om hausten fekk me det me kalla haust-mort, då var den blitt større. Langs landet frå Vangsnes og innover var det lett å få lyr, særskilt Novi, Risjo og Kjeringahola var kjent som gode plassar. I Feios var Jo-neset ein god fiskeplass, spesielt for lyr.

Fiskeslaga Odd fortel om reknar ein framleis som tradisjonell matfisk, men han skildrar òg ei interessant utvikling i synet på sjømat.

- Før i tida brukte me ikkje blåskjel som mat, men eg veit det var vanleg at ein «grov skjel» som det vart kalla. Blant anna bestefaren min, Botolv, dreiv med dette. Ved å dra ein dregg etter båten fekk ein tak i skjel. So tok dei opp og klargjorde skjela i naustet, og selde vidare som agn. No i seinare år har eg smakt både blåskjel og sushi, og eg tykkjer det er godt.

Eit interessant tema for folk som bur langs fjorden er kva arter som blir observert. Dei siste åra har for eksempel spekkhoggarar blitt sett fleire gonger. Odd fortel om kva som var vanleg å sjå på fjorden i etterkrigstida.

-Av og til såg eg store makrellstørjer hoppe, dei var vanlege her før i tida. Det var mykje niser, og av og til kval. Elles var det mykje brislingfiske her før. Fjorden var full av snurper, og stengene var plassert langsmed land frå Osen og innover mot Fresvik. Oter var det òg mykje av. Dei hadde tilhald på ulike stader i strendene, blant anna på ein plass me kalla Otrasteinen.

I pensjonistalder er Odd blitt ein ivrig laksefiskar i Vikja, noko han tykkjer er kjekt. Han fekk blant anna ein laks på 15,8 kilo då han var 101 år, og ein laks på 8,5 kilo då han var 105 år. Han har gjort seg tankar kring utviklinga til fjorden.

-Folk var meir knytt til fjorden før. Dei brukte den til transport ved å ro eller sigla. Mange stader var raskaste vegen til eit sentrum rett over fjorden, slik som frå Borlaug til Hermansverk. Det var meir fisk i fjorden før. At det har skjedd ei merkbar endring i mengda fisk er ikkje tvil om, men det er vanskeleg å tidfeste endringa med eit nøyaktig år.

Eg takkar Odd for ein fin samtale, og spør kva planar han har for ettermiddagen?

-Det blir vel ein tur ned i elva (Vikja) å fiske litt.

I 2018, i ein alder av 101 år, fiska Odd ein laks på 15,8 kg i Vikja.

Osen i Feios, hamna der Odd hadde båt. Biletet er truleg teke tidleg på 1950- talet.

Eigar: Kjell Brekke

Sommaren 2022 fiska Odd ein laks på 8,5 kg i Vikja. Foto: Gunnar Kleven.

Sommaren 2022 fiska Odd ein laks på 8,5 kg i Vikja. Foto: Gunnar Kleven.