Sognefjorden vel vart etablert som eiga interesseforeining for Sognefjorden 14. januar 2015. Foreningen sitt formål er å fremja ei god berekraftig forvaltning av Sognefjorden, og berekraftig innhausting ressursane i fjorden. Dette skal me gjera med å spreia kunnskap om Sognefjordens økosystem og peika på område der samfunnet står i fare for å påverka leveområde for ein eller fleire artar i negativ. Foreningen er ei medlemsforeining, med kontigent for medlemmer. Styret er breitt samansett geografisk, frå Aurland, Luster, Sogndal, Fjærland, Vik og Lærdal. Med ei stor breidd i utdanning og erfaringar innan marinbiologi, naturforvaltning, lokal-politikk, genetikk, juss, undervisning, kjemi, biologi og naturvern.
Saker me har sendt arbeidet med dei siste åra er m.a forvaltning av brislingfiske, utsleppsløyve av sprengstein og med det steinstøvet, forvaltningsrevisjonar av vasskraftproduksjon i ulike vassdrag. Arealplanlegging i kommunane.
Sognefjorden vel initierte og foreslo hummarfredingssoner for kommunane i Sogn regionsråd, noko som resulterte i eit det er mange etablerte hummarfredingssoner , faktisk meir kyst som er freda for hummarfiske i Sogn enn heile landet elles. Utsnitt av kart frå sida:
Styret er sett saman av menneskjer som alle har ei interesse i Sognefjorden, frå ulike stader rundt Sognefjorden, og me har alle med oss ulike erfaringar og yrkesbakgrunn, slik at me har eit bredt samansett styre.
Om det er noko kan de gjerne ta kontakt med oss på mail
Leiar torbjorn.dale@enivest.net, eller
websideredaktør olav.vestrheim@vlfk.no.
Copyright © All Rights Reserved